02.06.15: Bygdelaget orienterer
Følgende brev er sendt til Nesset kommune med kopi til Sunndal og Rauma kommune. Dette er den første store saken bygdelagene samarbeider om, men det er flere ting på gang utover sommeren og høsten.


Nesset Kommune
V/ kommunestyret
6460 Eidsvåg i R.


Innspel frå bygdelaga i Vistdal, Eresfjord og Eikesdal til arbeidet med å gjennomføre ny kommuneinndeling i vårt område.

Vi har på fellesmøte diskutert om det er eit realistisk altrnativ å danne ein ny kommune i den indre delen av av Romsdal. Vi vil difor lansere Nesset, Sunndal og Rauma som ny kommune.

Desse 3 kommunane har i utgangspunktet fleire felles interesser i området.

Dei store kraftutbyggingane berører alle tre kommunane og til saman disponerar ein betydelege mengder konsesjonskraft. Dette er både kraft som kan dekke kommunane sitt eige forbruk, og det vil vere ledig konsesjonskraft som kan seljast til andre.

Konsesjonsavgiftene vil gje den nye kommunen betydelege inntekter.

Alle 3 kommunane har naturverdiar som har eit stort potensiale i ei framtidig turistsatsing.

Ved ei samanslåing av kommunane vil ein kunne få ei felles markedsføring av eit meir allsidig turistprodukt.

Trollstigen, Mardalsfossen, Aursjøen, Innerdalen og Gjenstad/Svisdal. Dei tre kommunane har også eit felles ansvar i forvaltninga av naturverdiane på Dovrefjellet.

I ein slik ny kommune vil det bli store avstandar mellom ytterpunkta.

Det vil difor vere nødvendig med ei utbygging av nye løysingar for betre samferdsle.

Det var for mange tiår sidan planer om å forlenge Raumabanen frå Åndalsnes gjennom Eresfjord til Sunndal. Ei vegutbygging etter samme trase vil kunne knytte den nye kommunen saman og avstandane vil bli betydeleg redusert.

Utbygginga vil gje ein tunnel frå Eresfjord til Øksendal på 4 km og halde fram frå Meringdal til Isfjorden med ein tunell på 7 km. Avstanden frå Åndalsnes til Sunndal vil då vere nede i 25 km. Det er enkelt å lage ein avstikkar frå Grøvdalstunellen gjennom Håndedalen for å knytte Vistdal til sambandet.

Dette prosjektet vil gje heile den nye kommunen god tilgang til transport med jarnbane. Ein kan også sjå dette vegprosjektet i saman heng med Todalsfjord prosjektet. Vi vil få ein veg som knyttar saman dei indre delane av Romsdal, indre Nordmøre og kortar ned avtanden til Sunnmøre.

Mange kan ha behov for båttransport.

I vårt forlag vil den nye kommunen ha tilgang til kaianlegg både på Sunndalsøra og på Åndalsnes.

Hydro aluminium får i dag dekt sitt transportbehov med bilar på veg. Mykje av denne vegtransporten vil med denne vegutbygginga kunne flyttast over på Raumabanen.

Regjering og Storting har i sitt arbeid med kommunereforma lagt inn som ein føresetnad at ein skal prioritere samferdsle der avstandane i dei nye kommunane vert store. Denne føresetnaden må ein utnytte for å få til gode og framtidsretta løysingar til beste for innbyggarane i den nye kommunen.

Vi vil til slutt be om at kommunestyret i Nesset tek med seg dette innspelet i sitt vidare arbeid med å finne løysing på Nesset sin plass på eit nytt kommunekart.



Med helsing
For bygdelaga i Vistdal, Eresfjord og Eikesdal

Baard Fredvig- Erichsen
Vistdal 30.05.15


Kopi: Rauma og Sunndal kommune.