Bård skulemeister
 I bondeforteljinga "Ein glad gut" av Bjørstjerne Bjørnson kan vi lese om Bård skulemeister og hans bror Anders. Vi har grunn til å tru at Bjørnson brukte levande modellar i diktninga si, men det kan væra stor forskjell på diktning og sanning.

Bård Iverson Opdal er ein historisk person. Han levde frå 1775-1836. Han var fødd på garden Storåkeren i Vistdal og var lærar der i bygda. Bård døydde før Bjørnsonfamilien flytta til Nesset. Men Bjørnstjerne kunne ha høyrt om han, for to av lærarane til Bjørnson var fra Vistdal og båe to hadde hatt Bård som lærar: John Bersveinsson Helde (1820-1901) var frå husmannsplassen Hellerabben. Han var huslærar på prestegarden og fekk hjelp til å gå eitt seminar på Molde. Iver Aslaksson Nerland (1806-1862) var frå Aslakgarden på Nerland.
Han var lærar for Bjørnson da han gjekk på fastskule på Prestneset.

Det har vorte sagt at det portrettet som er teikna av Bård skulemeister er det vakraste portrettet av ein lærar i norsk litteratur. Forfattarspråket er mangetydig, derfor kan det skrevne ord tolkast på mange måtar. Kven Bjørnson har tenkt på er det uråd for andre å vita, men sidan namna i forteljinga om Bård skulemeister er kjende namn Vistdal, peikar kjennsgjerninga i den lei. Den tid sa folk Bård skulemeister, Skul-iva og Jo klokkar om desse lærarane.

Oddbjørg Helle på Lesjaverk arva veggskåpet til Bård Iversson Opdal etter farmora si, Beret Helde i Lianeset. Det er rosemåla med namnet til Bård. Oddbjørg vart gift med Stensrud på Lesjaverk. Denne familien kjøpte Søristua, som er eit pensjonat. Der er det rosemåla skapet, eit synleg minne etter ein lærar frå Vistdal.

Bjørnson lånte namnet hans til ei gripande forteljing. Men akkurat kven Bjørnson tenkte på da han skreiv forteljinga blir berre gjetning.