Vistdal skule


Vistdal skule er ein barneskule som deler rektor med med Eresfjord skule. Saman utgjer vi Indre Nesset barne- og ungdomsskule.

 Skuleåret 2015-16 har vi 17 elevar, delt inn i små- og storskulen. Fellesaktivitetar er eit prioritert område og på årshjulet står faste arrangement slik som turdagar, aktivitetsdagar (skulejogg, Tine-stafett) og felles avslutningar til jul og sommar. For å nemne noko. Det er også fleire felles arrangement med skulen i Eresfjord.


Det er naturleg nok sterkt fagleg fokus på skulen. Virksomheitsplana er i tråd med Nesset kommune sine satsingsområde. Dei siste åra har det m.a. vore arbeidd med å styrke lærarane sin kjennskap til lesing, engelsk og skriving av fagtekster. No står rekning for tur. Fagleg innhald er også vektlagt i dei fysiske utfordringane vi gjev elevane. Det vere seg i uteskulen, eller på dei spesielle tur- eller aktivitetsdagane. Hausten 2014 vart det oppført ein ny gapahuk på uteskuleområdet, berre ti minutts gange frå skulen.


Skulen er ofte i bruk etter skuletid. Vistdal idrettslag og Eresfjord og Vistdal fotballklubb brukar begge gymsalen eller nyttar uteområda. Idrettslaget har også innreia eit styrketreningsrom i gammelskulen. Ørn 4H dipsponerer delar av kjellaren og fleire lag og organisasjonar låner innimellom rom av skulen til møteverksemd. Ute har vi no både «klatrejungel» og ballbinge, for å nemne to område der foreldre har gjort ein stor innsats for å realisere planene. Desse tilboda er tilgjengelege for alle, og mange nyttar seg også av dei på fritida.


 Vistdal skule sitt eldste bygg fylte 60 år i 2014. I tilknyting til jubileet, vart det gjeve ut eit hefte med skulehistorie, klassebilete mm. Dette får ein kjøpt m.a. på Coop Vistdal.


Meir informasjon om oss finn du på skulen si facebookside og Nesset kommune si heimeside.