Sprang 150 km for flykningane


Vistdal skule gjennomførte for fjerde gong eit solidaritetsløp i anledning FN-dagen. I år sprang elevar og barnehageborn til inntekt for SOS-barnebyer og deira arbeid for flyktningar. 30 born i alderen tre til ti år imponerte alle som sto rundt den ca 500 meter lange løypa. Dei sprang heile 301 rundar til saman, noko som utgjer rundt 15 mil.

Nesset sparebank er hovedsponsor for arrangementet, og dei la kr ti i potten for kvar runde barna sprang. For dei som sprang lengre enn fjorårets snitt på 11 rundar, la banken til enno ein tikronar. I tillegg til banken var Hanset Sand med som sponsor. Dei ga ti kroner for dei første hundre rundane. Vidare har også Eikesdal Nye Dampskipselskap og Coop Eresfjord bidrege med pengegåver, og fleire av elevane hadde med frivillige «startkontigentar» som dei ga til SOS-barnebyer.

Skulen takkar sponsorane for pengegåvene, men først og fremst er det borna som skal takkast - for ein fantastisk innsats. Ein spesiell takk til småskulen i Eresfjord som kom og sprang inn mange rundar saman med oss.




Tekst og bilder: Marit Berg Øien