Skulejoggen

- Haustens vakraste eventyr

For femte gong på rad, har Vistdal skule arrangert Skulejoggen. Dette solidaritetsløpet er ein måte å hjelpe andre, gjennom å springe inn pengar. Elevrådet hadde i år valt ut SOS-Barnebyar sitt arbeid for barn på flukt som mottakar. Dei heldt også ein flott appell før start, og oppmoda avslutningsvis medelevane til å springe alt dei klarte. Noko alle gjorde!

Hovudsponsoren vår, Nesset Sparebank, hadde lova å legge 20 kroner i potten per runde. Fjorårets gjennomsnitt var 11 rundar, så frå runde 12 ville banken doble innsatsen, dvs betale kr 40 per runde. Med ein slik fantastisk innsats som både skule- og barnehageborn la ned i går, blir det mykje pengar til SOS-Barnebyar. Hanset Sand er også ein trufast sponsor til Skulejoggen. Dei la kr 10 i potten for dei første 100 rundane.

Rundane i Skulejoggen vår er ca 500 meter. Barna i Vistdal sprang heile 301 rundar, noko som gjev eit gjennomsnitt på 12,5 eller 6 km om du vil. Verdt å merke seg at vi snakkar om barn i alderen tre til elleve år. Det er rett og slett imponerande! SOS-Barnebyar vil få kr 8680 frå sponsorane våre, og i tillegg har elevane samla inn frivillige startkontigentar og private sponsorar på til saman kr 1770.

Tekst og bilder: Marit Berg Øien