Skulejoggen 2017

Skulejoggen i Vistdal satte ny innsamlingsrekord på FN-dagen. I kald vind sprang elevar og barnehagebarn seg varme, for at barn som har vore på flukt skal få ein heim.

Totalt vart det sprunge 375 rundar a 500 meter, noko som gjev eit gjennomsnitt på ca 7 kilometer!

Nesset Sparebank er hovedsponsoren vår. Dei la kr 20 i potten for dei første tolv rundane, kr 40 frå runde tretten. Totalt skal no banken betale kr 9760 til Forut sin aksjon «Skoleløpet». Hanset Sand bidreg også som sponsorar, og så må vi også framheve bidraget frå mellomtrinnet i Eresfjord. I tillegg til å bli med på sjølve løpet, hadde dei bestemt seg å donere kr 3000 frå sal av eit hefte dei laga i fjor.

I skrivande stund er vi derfor oppe i ein innsamlingssum på kr 13 760 (!). Dette talet vil vekse, etter kvart som elevane sine private sponsorar betalar inn på www.spleis.no. Der kan alle som vil bidra bruke skulens spleis-nummer: 16434

Hjertelege takk for alle bidrag, ikkje minst frå alle som sprang. Vi er både stolte og imponerte over dykk!




Tekst og bilder: Marit Øien