Bautasteinen del 2

Det er røster i Allmuen som har orda frampå at det burde ha vore skreve eit tillegg om Bautasteinen om det som hendte i den såkalla nyare tid, altså ein del 2.

Ja vel, om den nyare tid, men også litt tilbakeblikk på eldre tider. Det var 17. mai-komiteen som i førre århundre valde ei nemnd som fekk i oppdrag å pusse opp Bautasteinen. Det tok lang tid før det skjedde noko, så her er det heilt på sin plass å ta med sitatet: "Da fanden bestemte at intet skulle skje sette han ned den første komité."

Då det nye 1000-året grydde tok ting til å skje. Oppussingsnemnda kom saman og la planer både om økonomi og det praktiske arbeidet. Det vert sendt søknad om økonomisk stønad til Nesset kulturkontor og Nesset Sparebank, begge med positivt svar.

Det var firmaet Vistdal Steinindustri som vart innleidd til å reinske og vaske steinen og vidare til å friske opp innskrifta:

Minne 
Om
krigarane
Fraa Vistdal
1807 - 14
Reist 1914

Opprinneleg var sokkelen under og omkring Bautasteinen i godt og vel knehøgd og her sat karane i "fritida" si, åt banan og løyste verdsproblem. På grunn av vegarbeid og anna påfylling vart sokkelen etter kvart lavare og lavare, slik at det var meir og meir vanskeleg for giktbrotne gubbar å koma seg på føtene att. Dette var nok mest aktuelt for to til tre generasjonar sidan. Når det gjeld sokkelen, fann nemnda at denne måtte forhøgast ca 30 cm.

Her går me attover i tid til ca 1901 då Anton Myklebostad (f. 1874 - d. 1967) bygde nye løe og var på leiting etter høveleg stein til grunnmur, og denne fann han i elvekanten på Bergset. Han fekk avtale med grunneigaren Ole Aslaksen (f. 1861 - d. 1918) om at han kunne ta den steinen han trengte for ei godtgjøring på kr. 10,-. Med minkrut og kjiling vart steinane tilforma og frakta på elveisen til Knutgarden. I første del av 1970-åra vart Knutgardløa ombygd og då vart ein del av steinane til overs og vart lagra oppe i Berja. Ved hjelp og takk til velvillige transportørar vart steinane frakta til korsvegen. Men den største takken går til Knutgarden som ikkje eingong har vore tilbydd betaling for desse velforma steinane. Det vart tilkjørt sand, sement og sementelte og påbygginga av sokkelen vart lagt i sementblanding.

Den 17. mai 2008 kunne oppdraget som oppussingsnemnda hadde fått, presenterast som utført. Det var då att eit beløp på kr. 945,50 som vart overført til Vistdal bygdekvinnelag. Av desse midlane ville det vere naturleg at ein del blir brukt til blomar, planter og eventuell anna høveleg pynting ved Bautasteinen. Med dette er vel det meste nemnd i denne del 2.

Til slutt er me då kome fram til "rulleteksta":

Oppussingsnemnd:
Tor Steinar Lien
Kolbjørn Øien
Rolf Lange

Innleidd "altmulegmann", også han ubetalt:
Arne Nerland

Vistdal 2010 Kolbjørn Øien