Ein skuledag frå 1953
Vistdal skule innleia jubileumsåret med ei tidsreise 60 år attende i tid. Til den hausten skulebygget var heilt nytt. Det vart eit møte med elevar, lærarar, bøker og mat frå den tida, og store som små markerte dagen med å stille opp tidsriktig kledd.

Denne hausten er det 60 år sidan vistdalingane tok i bruk noverande skulebygg. Det har rett nok vorte utvida med åra, men hovudbygningen har no nådd ein alder verdt eit jubileum. Gjennom skuleåret skal det m.a. arrangerast jubileumsfest for noverande og tidlegare elevar, dei skal besøke «gammelskulin» som står på Romsdalsmuseet, og så er det planlagt å gje ut eit hefte med skulehistorie(r).

Jubileumsåret vart innleia med ein skuledag «i» 1953. Den starta med morgonsalme og fadervår, og gjennom dagen fekk elevane møte skulebøker, plansjar og kart frå denne tida. Alle fekk også prøve seg på skriftforming med pennesplitt og blekk, noko som var både artig og utfordrande. Gamle leikar som Kari og Knut, tre mann i vinden og «røtegg» vart også godt mottekne.

For å verkeleg gje elevane ein smak av 1953, spanderte skulen lunsjen. Det var dekka langbord med brunost, prim, sirup og heimelaga syltetøy, samt brød baka av mellomtrinnselevane. Nokre sakna innleiingsvis favorittpålegga sine, men etter kvart viste det seg at den «gamle» maten bokstavleg tala fall i smak.

Noko som gjorde skuledagen ekstra spennande var besøket av Rolf Lange, Bjarne Lien og Vigdis Indbjør. Dei var førsteklassingar i 1953 og hadde mykje å fortelje om korleis det var på skulen og i bygda på den tida. Mykje har endra seg, men noko liknar fortsatt på slik det var for seksti år sidan.








Tekst og bilder: Marit Berg Øien