Skulejoggen i Vistdal sett
stadig nye rekordar

Startskotet går.

Skulejoggen 2018 er gjennomført og rundane talte. Og for eit resultat vi fekk! I løpet av to klokketimar, sprang og gjekk 29 born, i alderen tre til tolv, 433 rundar á 500 meter!!! Det blir ei samla lengde på 216,5 km, og gjev eit gjennomsnitt på 7,5 km per deltakar. Det er mildt sagt imponerande!

Romsdalsbanken er hovudsponsor for skulejoggen vår. Dei legg 20 kr i potten for runde 1-12, og doblar beløpet frå runde 13. Hanset Sand er også trufast med på laget, og i tillegg har fleire av barna private sponsorar. I tillegg til å vere imponert av ungane, så sett vi stor pris på sponsorbidraga. Det blir ekstra motiverande å springe rundar når ein veit at beløpet stig for kvar målpassering. I etterkant kan dessutan dette brukast til utrekning av både lengder og beløp, så Skulejoggen bidreg med kunnskap på mange plan.

Emil Leander Hestad satte ny skulerekord med 38 rundar.


Tekst og bilder: Marit Berg Øien