Sommarleselyst
Vistdal skule feira måndag at elevane har trena lesemusklane i sommar. Dette er tredje året at skulen oppmodar elevane til lesing, gjennom å la alle få med eit lesekort heim i sommarferien. Elevane skal der notere tida dei brukar på å lese. Lydbøker tel også med, og det var fleire som hadde høyrt på slike medan dei var på ferietur.

Attende på skulen viser tala at dei har lese/lytta i gjennomsnitt 12,4 timar kvar. Denne tida og treninga kjem godt med, når dei no skal i gang att med lesing i skulebøkene sine. Sponsorar har støtta leseaksjonen i Vistdal med fine premiegåver. Skulen vil derfor rette ein stor takk til Teatret Vårt, Bjørnsonfestivalen, Moldebadet og Barnas Lekeland i Molde for billettar. I tillegg vart skjerf frå MFK og bøker og spel frå FAU Vistdal, mottekne med stor glede. Rektor spanderte is til alle, noko som smakte ekstra godt i seinsommarvarmen.


 Dei som hadde lese aller mest vart med i trekninga av billettar til ulike slags opplevingar.

 Ein av sommarlesarane i Vistdal med velfortjent premie.


Tekst og bilder: Marit Berg Øien