Snurull frå Vistdalen - ei avsløring!

Av Bjørn Austigard

Då eg var skulealderen, kunne vi t.d. seie: "Knapp att smekken din gut, elles kan snurullen din komma ut". Slikt kunne vere pinleg! Snurull var berre ei av mange omskrivingar for "litl-kar", og eg må berre innrømme at eg ikkje visste kva ein snurull eigentleg var. Alle dei andre orda for den same kroppsdelen var lett forståeleg, som når t.d. smekken vart omtala som "stalldøra".


I 1980 var det ein vistdaling som, utan å blande kroppsdelar inn i saka, fortalde meg kva ein snurull eigentleg var. Mannen heitte Bård Bergseth (1895-1980), og dette var truleg noko av det siste han skreiv. Bakgrunnen var denne:

Ved årsskiftet 1979/80 laga eg til ei spørjeliste om "utløer" (høyløer) i Romsdal. Det galdt både byggjeskikk, nemningar og bruk. Romsdalsmuseet sende så ut spørsmåla til alle bygdelag i Romsdal, og Bård Bergseth som hadde svara på slike spørjelister før, fekk sjølvsagt eit brev. Han svara fyldig og godt på det som eg spurde om, men etter som ikkje alle hadde høyløer i utmarka, sette dei høystakk i staden (eller i tillegg), og det er her snurullen eigentleg høyrer heime.

Til venstre: Teikning av høystakk. Her er torvene lett synlege, men ikkje snurullen. (Frå Bolsøyboka, bind 3)
Til høgre: Bård Bergseth som soldat. (Utsnitt av NE.0075-0002)


Eg skal ikkje her og no lære vistdalingane "å sette stakk". Det har eg forklart i ein artikkel i Romsdalsmuseets årbok 1981, men eg skal forklare korleis dei avslutta stakken slik at han vart tett på toppen. Når du ser på bilda som ligg ved, ser du at stakken kvesser oppover (rundt stakkstonga). Når diameter på toppen var rundt ca. 40 cm, sa dei at stakken var "åtkvesst". Då slutta dei å sende høykjemmer oppover. Han som trappa, greidde ikkje å stå der lenger. Dei som var nede, skar så ei rund myrtorve på 30-40 cm. I denne laga dei eit hol som var så stort at torva gjekk lett nedover stakkstonga. No er det snurullen kjem inn, og eg siterer frå artikkelen (s. 44-45):
"Det neste var å snare noko langt gras rundt stonga der stakken slutta. Høveleg gras til dette fann dei i risholer og kjerr. Dette tvinna eller snara dei til det vart ein lang rull før dei tok det på. I Vistdalen kalla dei denne graspølsa for snurull". Aha! Det har vi altså grunntydinga av ordet snurull: noko som er snara!

Her er eigentleg denne vesle kulturhistoriske stubben slutt, men for dei som lurer på kva som vidare vart gjort med stakken, kan eg opplyse at i mange bygder skar dei ei torve til, då med eit mindre hol, og denne vart så tredd nedover stonga slik at snurullen var halden på plass. Sagt i overført tyding: Dei knappa att smekken slik at snurullen ikkje kom fram!

… og slikt er museumsfolk opptekne tå!

Bilde frå Romsdalsmuseets årbok 1981.