God sommarleselyst
Elevane ved Vistdal skule har nok ein gong vore ivrige lesarar i sommarferien. I tillegg til skulen sin eigen leseaksjon, har fleire av dei også delteke i biblioteka sin, «sommarles.no».

Ein av dei første skuledagane, inviterte rektor til isfest med gåveutdeling til alle som hadde levert inn lesekortet sitt. Gåvene var i år sponsa av Bjørnsonfestivalen, Coop Vistdal og FAU Vistdal. I tillegg til desse premiane, vart det utveksla mange tips om gode bøker. Det ligg med andre ord til rette for gode leseopplevingar utover hausten også.


Tekst og bilder: Marit Berg Øien