Vasstindbu

Goksøyra og Skjorta i bakgrunnen. Foto: Arild Sele 

Den turistforeningshytta som ligg høgst i Molde og Romsdals Turistforening sitt distrikt, finn du i Vistdal, på fjellryggen mellom Håndedalen (Horndalen) og Kjøvdalen. Vasstindbu ligg heile 1190 meter over havet, og kan på godvêrsdagar by på fantastisk utsikt. Hytta har mest besøkande i juli og august, etter at snøen har smelta, men kan og nyttast vinterstid av ski- og fjellvante gjestar.

Vasstindbu med sikringsbua i bakgrunnen. Foto: Marit Øien

Hovedhytta vart oppført i 1974 og renovert i 2004. Den har seks sengeplassar. Sikringsbua frå 1988 har fire senger, og i tillegg er det fire madrasser tilgjengeleg. Vasstindbu er ubetjent, og har ikkje utsal av proviant. Vatn kan ein finne ved breen vest for hytta.

Vasstindbu ligg høgt, og deler av stien går derfor i ur. Foto: Marit Øien

Frå Vasstindbu kan ein gå vidare til turistforeningshyttene Måsvassbu eller Svartvassbu.
Foto: Marit Øien

Turistforeninga har sørga for god merking av stien opp frå Håndedalen. Mykje av stigninga går i ur, men den er fast og lett å gå i. Stien ned i Kjøvdalen byr på noko fleire lause steinar, men heller ikkje her er det vanskeleg å finne eller ta seg fram. Frå Vasstindbu er det fine dagsmarsjar til turistforeningshyttene Svartvassbu eller Måsvassbu. Vidare er det lett å finne sti ned til Vistdal via Kjøvdalen eller Håndedalen.

Anne Elisabeth Amdam og Jorunn Amdam Sele påska 2005. Foto: Arild Sele

Ole Bjørn Kavli på tur 16. mai 2009. Foto: Arild Sele