Bygging av Vistdal samfunnshus

Av Kolbjørn Øien, november 2008

Når det gjeld bygging av Vistdal Samfunnshus, så må det takast utgangspunkt i Vistdal Ungdomslag (V.U.L) som vart oppstarta alt den 9. november 1957. Tilhaldstaden for V.U.L sine møter var da Losjehuset som var plassert i Bergsetgrenda. Losjehuset sine vedtekter gjorde at det var "trongt" for ulike aktivitetar som det var ønskjeleg å gjennomføre, og det samme gjaldt arealet på huset. I V.U.L kom det snart i gang prat og ønskje om eit nytt og større forsamlingshus.

Fra venstre Kolbjørn Øien, Kåre Hagen, Leif Ødegård, Henry Lange, Bernhard Ødegård, Svein Betten, Arne Sandnes, Tore Lien, Ivar Sandnes, Anders Halsen.

På ungdomsmøte den 24. november 1957 vart det vald ei nemnd til å førebu evt. bygging av ungdomshus eller samfunnshus i Vistdal. Nemnda tok kontakt med Statens Ungdoms- og idrettskontor (STUI) og fekk tilsendt mønstervedtekter med opplysing om organisasjonsform,og vidare om vilkår for å søke om statstilskot og tippemidlar.

I mønstervedtektene er det fastsett: "At eit samfunnshus er eit andelslag med skiftande medlemstal, skiftande kapital og avgrensa ansvar". Og vidare: "Andelane i laget kan teiknast av organisasjonar, institusjonar og privatei form av kontantinnskot, naturalia eller dugnadsarbeid. Kvar andel lyder på kr. 100,- for A-gruppa eller kr. 50,- for B-gruppa. Til A-gruppa høyrer dei organisasjonar og institusjonar som har teikna andelar. Til B-gruppa høyrer enkeltpersonar som har teikna andelar".

Med hjelp av grendemenn sette Førebuingsnemnda i gang registrering av ytelsar frå privatpersonar, som dugnadstimar, tømmer, maskinarbeid og transport, og oppslutningen vart større enn forventa. Det kunne sjølvsagt ikkje ventast 100% oppslutning frå bygdefolket, enkelte var i mot av religiøse - eller andre grunnar. Ein person uttala at ho slett ikkje ville gje støtte til bygging av eit "syndens palass". Det vart også sett i gang det som vart kalla sementrulling. Dette gjekk ut på at ein som hadde betalt for ein 50 kg sementsekk kunne utfordre andre til å gjere det samme. Prisen på 50 kg sement på den tida var kr. 8,-, i dag er prisen på samme mengde kr. 146,-.

Fra venstre Sigmund Lange, Henning Hanset og Gunnar Sandnes.

Stiftingsmøte

Det var no klargjort både B- og A-andelar, det tre organisasjonar var med: Vistdal Idrettslag, Vistdal Husmorlag, og Vistdal Ungdomslag.

Det vart no innkalla til stiftingsmøte. Her vart det vald representskap i Vistdal Samfunnshus A/L, som vidare valde styre, kontrollnemd og revisor.

Med dette var styringsorgana på plass.

Tomtevalg

Førebuingsnemnda hadde gjort undersøkingar, og tilrådde plassering der huset står no, i nærheita av idrettsplass og skytebane. Tomta, på 1400m2, var likt delt på to grunneigarar, og vart handgjeve til ein sum på kr. 250,- på kvar. Eigarar som berre hadde beiterett i området gjorde ikkje krav på erstatning. Dette vart samrøystes godkjend av dei valde styringsorgana.

Skyldsetting

Vidare når det gjald tomta, vart det halde skyldsetting. Den tida var det krav om at frådelt tomt skulle ha eit navn. Navnet her vart "Furuly". Dette vart fastsett i styreorgana 04. juni 1958.

Arkitekt 

Jan Sandberg, Molde, vart spurd om han kunne ta på seg å være arkitekt for bygget, og svaret på dette var "ja". Sandberg hadde først laga eit ideutkast som vart drøfta i sammøte med styret og arkitekten den 15. mars 1959. Tegningane vart diskutert og det kom fram forslag om ymse endringar. Sandberg lova å lage ny tegning så snart han hadde tid.

Den 17. april 1959 vart styringsorgana samla i møte for å drøfte dei nye tegningane, som då vart samrøystes godkjend. Tegningane vart så lagt ut til offentleg ettersyn, utan at det kom inn merknader.

Magna Øien og Ingeborg Hanset serverer kaffe og en matbit til sultne arbeidskarer.

Byggmeister 

Det kom inn to tilbud på bygging, og det var Ottar Selsbakk som fekk oppdraget. Dette gjald sjølve råbygget med tak og utvendig kledning, samt innsetting av vindu, ytterdører og vidare himling i salane. Det skulle ikkje leverast eit nøkkelferdig hus, til innreiinga skulle det nyttast dugnadsarbeid då det var mange bygningskyndige menn i bygda. Ut i frå denne strategien gjekk framdrifta litt i "røkk og napp" alt etter som dugnadspersonane hadde tid og høve til dette arbeidet, slik at det tok si tid før bygget vart fullført.


Innviingsfest 

Sjølv om huset, eller deler av huset, hadde vore i bruk alt ettersom innreiing gjekk fram, vart den offisielle innviinga halde våren 1964. Her var det innbedt gjester, m.a. arkitekt Jan Sandberg, representant frå statens ungdoms- og idrettskontor, ordfører og stort frammøte av bygdefolket. Det vart halde fleire talar, det var song og musikk og vidare bevertning. Styreformannen fekk i gave eit tinnfat med inskripsjonen "Takk for innsats ved reising av samfunnshuset i Vistdal". Frå STUI var det gave til samfunnshuset i form av fire litografiar. Etter eit forholdsvis langt "svangerskap" var no Vistdal Samfunnshus offisielt opna for bruk.

Fra venstre Arne Sandnes, Ingeborg Hanset, Arne Kristian Høsteng, Magna Øien, Henry Lange, Tore Lien, Johan Helde, Aslak Nerland, Leif Ødegård, Ivar Sandnes og Kåre Hagen.

Attersyn

Statens ungdoms- og idrettskontor hadde kostnadsrekna bygget til ca kr. 250 000,-, som også vart den verkelege kostnaden. Når vi i dag ser på for eksempel endring i sementprisen og vidare på endring i levekårsindeksen, ville kostnaden i dag være minst ti gonger større, slik at kostnaden ville bli i overkant kr. 2 500 000,-.

Bygging av Vistdal Samfunnshus var eit stort løft for bygda. Som det går fram ovanfor er det ikkje medteke tal, og heller ikkje personnavn, "ingen nevnt og ingen glemt". Alle interesserte gjorde sin innsats enten det var "åndens eller håndens gjerning", slik at Vistdal Samfunnshus står der som eit minne over tidlegare generasjonars optimisme og innsats, og som eit tenleg forsamlingshus for bygda.