Adventsmøte

Første måndag i månaden er vi samla på Nerlandskulen til møte i laget. Desembermøtet starta med servering av risengrynsgraut. Etter maten hadde vi årsmøte.

I staden for prat og handarbeid vart det Quiz og juleoppgåver. Damene vart delte i to lag. Begge laga skulle finne svar på ein del oppgåver , flette ei julekorg og lage ei papirstjerne etter instruksjon. Det kan meldast om stor innsats og god aktivitet.

GOD JUL til alle frå oss.

Klikk på bildene for større versjon.

Tekst og bilder: Anne-Marie Nerland