Busteinane frå Vistdalen

Av Bjørn Austigard

Då Peder Andreas Meland (1900-1963) skreiv dette, fanst det ikke bygdabok for Vistdalen. No er det lett å finne ut kven dei var desse personane som P. Meland skriv om. Det er berre å slå opp i Randi Ingunn Selnes: "Gards- og ættesoge for Nesset", bind X, s. 50, 150 og 177. (Eg sender ein takk til Randi for det gode arbeidet ho har gjort!)

Busteinane som sorenskrivar P. A. Meland gav til Romsdalsmuseet i 1961. Dei er snart 200 år gamle. Den brunsvarte typen er mest vanleg. (Foto: Romsdalsmuseet)

Busteinar

Den tida folk slakta heime og gjorde seg bruk av både feitt og innvollar, fekk dei høve til å sjå kva som fanst i magar og tarmar. Det var sjølvsagt mest gor og møkk, men av og til fann dei brunsvarte ballar eller kuler i innvollane. I somme tilfelle gulpa ku elle sau (smale) opp desse ballane og folk fann dei berre - rett og slett. Slike funn var svært uvanlege, derfor tok dei vare på dei i generasjonar akkurat slik som P. Meland skriv i brevet. I Norsk Ordbok står det at busteinane er samansett av hår og ymse "anna rusk" som har klumpa seg saman. Kva ei to kvite busteinane (kusteinane) frå Vistdalen er laga av, veit eg ikkje.

Slike hårballar blir altså kalla busteinar, og fenomenet er kjent over heile landet. Her hos oss vart dei først og fremst bruka mot krøtersjukdommar, og etter som det var langt mellom kvar gong dei gjorde slike funn, gjekk dei i arv frå slekt til slekt. Den første som skreiv om busteinar her i Romsdal, var sokneprest Hans Saxlund i tidsskriftet "Mål og minne" i 1919. Han var styreformann i Romsdalsmuseet nokre år før dette, og han hadde sikkert fått busteinar inn til samlingane. I "Gammalt frå Fræna 1992" omtalar Bjørn Ringstad to busteinar som Morten Drejer (f. 1919) har på garden sin på Tornes. Han fekk dei frå far sin som så hadde fått dei av mor si, og ho kom frå Setnes i Romsdalen.

Dei to busteinane Morten Dreier har arva. (Foto: Bjørn Ringstad/Gammalt frå Fræna, 1992)

Meland skriv dette om bruken: "Steinane er til hjelp ved innvortes sjukdom på dyr, kusteinane for kyr og smalesteinane for sauer. Busteinen vert lagt i ei bøtte med reint vatn og teke opp att etter 7 timar. Vatnet skal ein gje til dyret. Vil dyret ikkje drikka vatnet, skal ein lunka og blande litt mjøl i og by vatnet fram på nytt. Vil dyret enno ikkje drikka, skal ein prøva for tridje gong med litegran salt i. Dyret kjem seg og vert etterkvart friskare om det drikk buvatnet. Men om det ikkje vil ta vatnet, er det lita von om betring."

Eg viste ein gong desse steinane fram for far min, Torstein Austigard (1908-1990), og spurde om han hadde tru på dette. "Alle sjuke dyr har godt av litt lunka vatn", var svaret.

I Romsdals Budstikkes store fotoarkiv er det bilde av ein bustein. Eg etterlyste finnaren og funnstaden i Budstikka to gonger. Svart er no klart: Gullsmed Einar Hansen fann steinen i slåttonna på Bratset (Kleive) kring 1990, men steinen er seinare bortkommen.
I samband med oppslaga mine i Budstikka, kom eg i prat med Kristian Austigard om dette fenomenet. Då fortalde han at han fann ein slik stein-hard ball oppi krubba til ei ku i Oppigard. Dette hende for vel 5 år sidan. Han trudde det var ei trekule og saga ho derfor av med skjerfil. Til si store undring fann han berre hår inni! Etter å ha vore i fjøset i meir enn 55 år, hadde han aldri sett noko liknande. Men dyrlegen som han viste busteinen til, kjente til sorten.


Busteinen som Kristian Austigard fann for ca. 5 år sidan. Steinen er 6,5 cm i tverrmål. Foto: Romsdalsmuseet.

Snittflata viser at det er berre hår inni. Foto: Romsdalsmuseet.

Ut av bruk

Kanskje du som les dette, veit om vistdalingar som har busteinar, eller har høyrt om nokon som har gjeve buvatn til sjuke dyr? P. Meland skriv nemleg dette om bruken: "Desse busteinane vart mykje nytta i øvre del av bygda for 50 år sidan (altså kring 1910). Eg hugsar grannar tinga buvatn og henta det i bøtter. Dei som budde lengre undan lånte steinane når dei hadde sjuke dyr og laga vatnet sjølv. Bruk av buvatn tok av i mellomkrigsåra, og etter siste krig har det vore spørsmål berre ein gong, har mor fortalt."