Svarttind, turbeskrivelse

(Foto: Svein Leon Ødegård. Turbeskrivelse: Romsdals Budstikke)

Topptur på ski.

Kvar: Svarttinden (1094 moh.) ligg på austsida av Vistdalen i Nesset kommune. Turen startar frå Nerland. Følg skogsveg til Herutsetra og vidare rundt til høgre for toppen og opp frå søraustsida. 950 høgdemeter. (Toppen blir kalla Nonshaugen på kartet.)

Reisemåte: Køyr til Nerland ca. 4 km oppover dalen frå Vistdal sentrum. Skilt ved bilvegen viser veg til Svarttinden. På sommarføre er det mulig å køyre opp til ein lunneplass (400 meter frå bilvegen) og parkere der. På vinterføre kan det vere vanskeleg å finne god parkeringsplass. Spør om lov så kan du parkere inne på eit gardstun.

Mat og drikke: Ta med matpakke og termosflaske. Butikk i Vistdal.