Sekkjepose – kjøtt og pose

Sekkjepose har etter kvart blitt vide kjent utover Vistdalen, ja, Nesset også. Eg har hatt gleda av å kjenne til denne nydelege matretten heilt frå barndommen av. Første gong eg smakte sekkjepose, var på Bugge hos tante Solveig, som var vistdaling. Mor som også var vistdaling, visste ikkje om denne retten før i vaksen alder. Og eg spurte også hennes 2 år yngre syster, Helga, om dei var vane med denne matretten. Dei var fødde i 1911 og 1913. Nei, det var ikkje noko dei hadde heime då dei vaks opp. Første gongen eg laga sekkjepose var til 35-årsdagen min, etter instruksjon med tante Helga i telefonen. Det blei servert til venner i Ålesund, noko eg måtte gjenta på 50-årsdagen etter oppfordring frå dei som hadde vore i 35-årslag, og andre som berre hadde hørt om det. Så då vart det storkalas med bortimot 30 kollegaer med begeistring for hovudretten!

Då eg begynte som bygdebokskrivar i Nesset, og var på besøk hos Jenny og Martinus Nerland, for å få informasjon om Henrikgarden på Myklebostad, gjekk timane fort. Eg hadde tenkt å ha ei middagspause på Nerland før eg for vidare utover stranda. Men det vart det ikkje tid til. Jenny visste råd, ho hadde laga sekkjepose dagen før. Dermed fekk eg servert eit nydeleg måltid. Og det blei sagt at det var i Henrikgarden dei starta med denne matretten. Men det kunne ikkje provast, og mange meinte nok at det var andre stadar i bygda dei var like tidleg ute.

Eg har heile tida sidan eg hørte dette i 1997, gjort meg mine meiningar om dette. I nabogarden til Henrikgarden, Lensmannsgarden, blei Jakob Kristofferson f. i 1814. Han gifta seg meg vistdalsjenta, Marit Olsdtr. Sandnes, f. 1814, og dei drog til Vågbø i Tingvoll og kjøpte seg gard. Men sonen deira Martinus Jakobson Waagbø, 1855-1916, kom attende til Vistdalen og gifta seg med gardjenta i Henrikgarden, Mildri Knutsdtr. Myklebostad, 1859-1950. Kunne denne matretten komme frå Nordmøre? Var det noko Mildri og Martinus var blitt kjent med frå Tingvoll?

Eg har lese om at på Nordmøre har dei ein matrett som heiter Kjøtt og pose ("kjøtt å påse"). Eg prøvde å finne ut kva dette var, utan å forstå det heilt.

Den 16. mars 2013 var eg på den gamle strandstaden Surnadalsøra, nokre km. utanfor kommunesenteret, Skeid i Surnadal. Det var årsmøte i Dis Møre og Romsdal, der eg er medlem. På desse møta er det gjerne ein lokal-kulturell del før årsmøtesakene tar til. Mellom desse møtedelane skulle vi få servert "ein enkel middag ", det er vanlegvis ein gryterett. Men der inne fekk ikkje Dis-styret bestemme menyen. Og vi fekk vite at vi skulle få ein tradisjonell gammal nordmørsk rett, eg frykta alt frå vassgraut til klippfisk. Stor var gleda då det vart sagt at vi skulle få Kjøtt og pose. No skulle eg få det anna enn skriftleg.

Maten smakte storarta. Først fekk vi suppe kokt på kraft av saltkjøtt med gulrotbitar og erter. På fata låg det kokt salta fårekjøtt og svinekjøtt, pølser, poteter, gulrot og kålrotstappe, og saman med dette låg innhaldet i posane, ei umisskjenneleg grå pølse som var tatt ut av posen. Posen smakte som potetball, men kjøttbitane var ikkje inni, dei blei serverte attåt. Denne nordmørske retten var god, men eg vil seie at sekkjeposen verkar som ei vidare foredling av retten Kjøtt og pose. Sjølve posen får meir smak når kjøttet er hakka og blanda inn i.

Etter å ha vore på Nordmøre og fått servert Kjøtt og pose, er eg meir sikker i mi sak, om at sekkjeposen sitt opphav var på Nordmøre, og er komen til Vistdalen enten det var i Henrikgarden eller andre stadar i bygda. Og at retten har endra seg, faktisk til det betre. Men på grunn av innflytting og slektskap mellom Henrikgarden og Nordmøre, kan det godt hende at påstanden er rett.

I påska skal vi ha ein god middag, og det blir sekkjepose, slik eg har lært å lage det etter tradisjon frå Vistdalen. 

God påske til dykk alle som hugsar meg frå eg arbeidde der frå 1997–2006!