Kronerulling til inntekt for renovering av toalett i Vistdal samfunnshus

Det er på høg tid at toalettforholda på samfunnshuset får eit løft.

Det er på høy tid at toalettforholde på samfunnshuset får eit løft. I tillegg til å pusse opp, må vi bygge om slik at huset får handikap-toalett/universell utforming. Styret har motteke eit prisoverslag frå entreprenør Knut Straume på kr 204 500 ekskl mva. I dette overslaget er det rekna inn eitt toalett med universell utforming og to unisextoalett.


Ei slik investering vil vi ikkje klare uten støtte frå andre. Dei siste åra har styret søkt både Romsdalsbanken og kommunen om midlar til dette formålet. Per i dag har det resultert i kr 30 000. Vi er no i gang med å søkje om støtte frå Utviklingsfondet og Gjensidige. I tillegg til slike søknader, godkjente årsmøtet 2019 at styret inviterar til kronerulling til inntekt for nye toalett. Invitasjonen blir delt ut til bedrifter, lag/organisasjonar, og i tillegg lagt i alle postkasser i Vistdal. Vi håpar du/de ser positivt på henvendinga. 


Viss du/de kan tenkje dykk å bidra, ber vi om at beløpet endten førast over på Vistdal samfunnshus sin konto eller at du/de bruker Vipps. Her er det inga nedre eller øvre grense mtp beløp.


Kontonummer: 4106 07 15996

Vipps: Betal til 561422

Merk betalinga "Kronerulling" + namn på person(ar)


Skulle det vise seg at kronerulling og søknader gjev oss meir enn nok til boalettområda, til det vere andre rom i samfunnshuset som kan få eit løft.


Vistdal, 1. septembper 2019

Marit Berg Øien, styreleiar

0