20.11.25

Nytt golv i salen på samfunnshuset

No i november blei det lagt nytt golv i salen på Vistdal Samfunnshus.
Dette hadde ikkje vore mogleg om det ikkje var for gåver og dugnadsinnsats.


Ein stor takk til:
• Kraftfondet
• Utviklingsfondet
• Tinde Sparebank (tidl. Romsdalsbanken)
for å tildele oss støtte.

Ein stor takk til:
• Vistdal Bygdekvinnelag
• Vistdal Idrettslag
• Vistdal Ungdomslag
• Vistdal Skyttarlag
• Grunneigarlaget
for all økonomisk støtte, slik at vi kan drifte huset, i tillegg til å gjennomføre større prosjekt.

Ein stor takk til:
• dei som gav på Spleis
• privataktørane som har gitt gåver
• dei som har støtta oss via basar og loddsal


… Og til slutt vil eg som leiar seie ein stor takk til den fenomenale dugnadsinnsatsen for både dei i styret og utanfor styret!
 

Med venleg helsing

Andrea Ødegård
Styret i Vistdal Samfunnshus