Vi pyntar tusenårstreet til påske!

Vi inviterer store og små i bygda til å bli med og pynte tusenårstreet. Vistdal sitt tusenårstre er eika som står på rasteplassen ved Bua. Det vart planta 17. mai 2000.

No får vi ikkje treffe kvarandre, det er ikkje barneidrett og påskerennet kan heller ikkje arrangerast som vanleg. Difor kan vi lage ein ny tradisjon! Vi kan spre litt glede for oss alle i Vistdal. Lag noko som kan hengast opp på treet, så får vi eit påsketre frå oss alle til alle. 


Bruk fantasien din.
Du kan teikne hjerter, kjuklingar, påskeegg, påskeharar …
Dersom du teiknar på påpir, kan du legge teikningane i postkassa på skulen innen torsdag formiddag. Anne er på skulen og har sagt ho vil laminere og henge opp.
Lag gjerne meir enn ein ting, tenk at det skal henge ute, så det må ikkje vere for lite.
Lagar du noko i stoff, nabbi, tre eller anna materiale, kan du henge opp sjølv.


Dette er ei oppgåve i kunst og handverk i heimeskulen. Det er flott om du hjelper oss.
PS: «Strikkedamer», dette er ei utfordring – kva skal de lage? Ein mini-påskevott?


Med beste helsing

oss på VIstdal skule

0